Om øyane
Busetnad på øyane
Det bur om lag 650 menneske på dei ytre øyane i Sande. Folketalet har gått litt ned dei seinare åra. Det har vore busetnad på øyane langt bakover i tid. Her finn vi mellom anna dei første spor etter ”jordbruk” i Møre og Romsdal ( bronsealderen.) Gravrøyser og andre ting tyder på at her har budd folk i fornalder tid. Så lenge båten var hovudframkomstmiddel var øyane sentralt plasserte. Etter at bilen overtok vart plasseringa meir ”tungvint”. Bilen måtte på båt/ ferje for transport i allslags ver. Det er ikkje lenger føda som er knappheits ressursen – no er det tida som er knappheits ressursen.
Kulturliv
Øyane har eit rikt og imponerande kulturliv. Fotball, korps, song, revy og
utandørs sogespel er lokaliser på desse øyane, men likevel er mangelen på deltakarar merkbar. Naturen rundt øyane byr på fiske muligheiter og opplevingar, noko som gir grunnlag for ei enno litt svak turistnæring.
Næringsliv
Det er gjerne berre på små stadar ein kan spørje om det er rett bruk av samfunnet sine midlar. Vi veit at her “alltid” har budd folk. Desse øyane er og har vore sterke i primærnæringane. (Mjølkeproduksjonen på desse øyane er større enn for kommunane Hareid og Ulstein samla.) Det vert produsert varer både til innanlands og eksportmarknaden. Transport kostar både for det lokale næringslivet og for samfunnet. Ferjedrifta er ein kostnad, det same er reisetid og ventetid. Transportkostnader er ein marknadsregulerande mekanisme. Det er kampen om marknaden som avgjer vekst eller avskaling.
Undersjøisk tunnel mellom Kvamsøy / Voksa/ Åram
Den undersjøiske tunnelen vert 5820 m lang og er planlagt bygd med to køyrefelt og største stigning 10 %. Midtvegs mellom Åram og Voksa vil det vere eit undersjøisk vegkryss. Tunnelen mellom Voksa og Åram vil ha det djupaste punktet på ca 90 meter, medan Åram – Kvamsøy vil ha det djupaste punktet på om lag 130 m Avstandar mellom Kvamsøy - Åram vert 4,8 km, Kvamsøy – Voksa 4,4 km og Voksa – Åram vert 2,8 km.
Sannsynleg byggetid er om lag 21 månader. Kostnad i 2003; om lag kr 300 mill.