Trimgruppa i Sandsøy IL har lagt ut bøker 11 stadar rundt om på Sandsøya og Voksa der turgåarar kan registrere seg.
Sju av desse er fjell, medan dei resterande fire er å finne i fjøra.
Trimpostane:
> Rinden 10 p > Dollsteinen 7 p > Grøntua 5 p > Kletten 4 p > Sandslegene 4 p > Kulen 3 p > Hellandsfjellet 3 p > Trollhola 3 p > Kleiveneset 3 p > Hellandsvågane 2 p > Voksehaugen 2 pLes meir om kvar post ved å trykke på namnet. Sjå turkart med merka stiar.
Premiering:
Premie til dei med flest besøk på kvar post. Oppmerksemd for å ha oppnådd fylgjande poeng i tre merkekategoriar;> Bronse 300 p. > Sølv 500 p. > Gull 1000 p.Alle barn til og med 15 år vil få ein premie dersom dei har vore innom alle postane eller har oppnådd ein viss poengsum:
Alder: Min. poeng: 6 år 25 p 7 31 p 8 37 p 9 43 p 10 50 p 11 55 p 12 60 p 13 65 p 14 70 p 15 75 p
Bøkene vert bytta ut ved årsskifte. Trykk på kartet for å få ein versjon med betre oppløysing.