Møte om sjølvfinansiering

Kva ligg inne i modellen og kva manglar-.

Modellen er under utvikling og slår framleis ut litt tilfeldig. Viktig for oss å kunne få inn dei momenta som er utslagsgivande. Målet er å bruke dei kronene som samfunnet brukar på samferdsle i ytre Sande på ein slik måte at det tener oss best mogleg. Modellen så langt var ikkje positiv for våre tal.

I modellen som vi har no, så er kostnad pr meter tunnel viktig. Kan annbodet for Nordøyvegen vise at  ein kan kome under 100 000 kr pr løpemeter tunnel så vil dette slå svært positivt ut for vårt samband (Vi har ca 140 000 kr pr m)

Spanande er også desse kostnadane som ein bereknar til vedlikehald. Talet no er 4 mill pr km. Dette er alt for høgt. Dette er erfaringstal. Dei nye tunnelane er sterkare og betre dimensjonerte. Dette gir oss høgre meter pris. Her tek ein inn kostnadane på to sider. Både på auka byggekostnadar og på auka vedlikehald som er laga på erfaring frå dei "billige" tunnelane.

Vi kivast om indeksregulering av ferjeunderskotet. Det er denne knaggen som avgjer om vi er sjølvfinansierande. Ligg inne i tilskotet til fylket, men ikkje i modellen.

To ferjer i rute 01? Framlegg frå fylkeskommunen om dette. Vil slå postivt ut for oss uansett. Men enno berre eit "laust" framlegg av ein funksjonær.

Generalforssamling i Sande Fastlandssamband 2017