Desse var på møtet om fastlandssambandet:
Jarle Støylen, Jostein Korsnes, Paul Myklestad, Svein Solbjørg, Jørn Hasselø og Jan Stavik.
Møtet var på møteromet ”Knuten” til Statens Vegvesen. Møtet starta kl 10,30 –og varte til kl 12,30.
Paul Myklestad orienterte om skissa som han hadde utarbeidd vedrørande lavbru mellom Kvamsøy – Voksa. 4 m veg breidde og møteplassar med ca 400 m mellomrom. Men for meir nøyaktig arbeid må ein ha innmåling av området. Utarbeiding av ei prosjektskisse av dei ulike trasevala og sende ut eit annbod for å få botnen betre innmerka med djupner og fjellkoter. T.d. vil Geomap og geosubsea kunne gi slike utreidningar.
Jarle følgte opp med å dele ut ein finansieringsplan. Denne viste at prosjektet er økonomisk forsvarleg.
Svein Solbjørg var svært positiv og meinte at dette no bør kome inn for politiske utval og fagutval. Her er det betydeleg betre materiale som selskapet har baser seg på no enn tidlegare. Vi snakkar om eit prosjekt på rundt 400 mill. Og finansieringa viser at her er det muleg å gjere noko.
Jan Stavik vil forsøke å sjekke innsparingstala som vi har sett opp. Spesielt dette med innsparingar på ferja er slike tal som han kan innhente. Vedlikehald av tunnelar kostar ca ½ mill pr km pr år.
Jørn Arve Hasselø som er brueksperten, meinte at ein måtte ha eit utvendig montert gangfelt/sykkelsti eller ståstad for fiskarar. Vil verte eit utruleg vakkert på td ei brosjyre. (dette kan dakkast innn på brosjyra for lettare kunne selje inn prosjektet.
Elles vart det snakka om vi må ha eit oppstartsmøte i Fylkeshuset, der kystverket, miljømynde og planmynde vert innkalla.
Men først botnvurdering og traseval av Myklebust as.
Vi bør sjekke kostnadane på drift av bompenge automatar. Trøndelag vegfinas eller liknande bør vite noko om dette.
Selskapet bør tenkje på å skrive til samferdsleytvalet og be om møte. (S Solbjørb meinar at etter valet er ok)
Statens Vegvesen si ANSLAGSGRUPPE bør inn etter at ein har fått meir nøyaktige bruannslag.
Ei ferjelei kostar i snitt 7 – 8 mill og har ei levetid på 25 år. Ein reknar med at ein har 200 000 kr i snitt på vedlikehaldssida av gjennomsnittsferjeleia pluss om lag 200 000 på landsida. (Her vart det vist til ferjeleie i Molde) Kapitalutgiftene her??