Møte med Statens Vegvesen 25. oktober 2007

Torsdag 25. oktober møtte Svein Solbjørg og Jan Stavik frå vegkontoret og frå Sande: Dag Vågen, Kåre Fjørtoft, Jarle Støylen og Jostein Korsnes

Agenda for møtet var no-situasjon og kva gjer vi vidare.

Jostein og Jarle la fram dei nye data frå Myklebust as med berekning av ei fylling/lågbru/bru mellom Kvamsøya og Voksa.

Denne traseen er ikkje kvalitetsikra av statens vegvesen enno. Dette vil vegkontoret gjere snarast + at dei kvalitetsikra dei innsparingane som sambandet vil gje. ( etter ein kreativ modell som selskapet har utarbeidd)

Vidare vart ei slik tidsrame skissert;

2008 kommunane lagar delplanar for sambandet
2009 ein konsekvensutgreiing vert oppstarta
Parallelt med dette vil ein politisk prosess måtte oppstartast.
Dersom alt går like raskt vil ein tidlegast kunne starte på anbodsutlysing 2010 og oppstart i 2011.

Forslag til trasear frå Myklebust AS