Generalforsamling i Sande Fastlandssamband 2020

29.april 2021 på Sande Rådhus kl 17.30

Saker:

1: Konstituering

2: Årsmelding for 2020

3: Rekneskap for 2020

4: Val

5: Emisjon, vedtak om utviding av aksjekapital, fullmakt til styret

6: Endring av vedtekter  §4

7: Orientering og drøftingh om arbeidet framover

GRUNNA KORONASITUASJONEN MÅ VI HA NAMN PÅ ALLE SOM MØTER! Send namn innan 25. april til:  jostein6087@gmail.com

Nye krav

Selskapet har utarbeidd ein kommunedelplan i 2015. Sidan det har nye reglar og krav vorte stilt av EU og vegdirektoratet. Dei nye krava gir oss utfordringar på kvar og korleis tunnelen kan byggast.

Kostnadane aukar og tunnellengda stig. Det positive er at moglegheita for å bygge med «sjølvfinansiering» har vorte betre. Vi starta med å jobbe for at ferjeunderskotet kan brukast. Dette vart godkjent med 40 år og har no vorte utvida til 45 år. På dette grunnlag slår Deloitte fast i ein rapport vi vekk i vinter, at tunnelen er sjølvfinansierande med ein kostnad på 1,8 milliardar. Vedtaket om halvering av ferjebillett verkar positivt inn på vår finansiering. Dette gjer det også enklare å bygge tunnelen utan bompengefinansiering. Enklare også fordi ei då ikkje om stortinget for godkjenning.

Vegeigar er fylkeskommunen. Selskapet (SFS) si rolle er å vise korleis og på kva måte dette kan byggast. Gjennom åra har millionar vorte brukt på konsulentar og grunnundersøkingar. Vi har no fått munnleg signal frå både lokale og fylkeskommunale politikarar og frå lokalt næringsliv i ytre Sande om at dei er med på eit spleiselag for å finansiere resterande planlegging av tunnelen. Kostnadane med dette planarbeidet er under utarbeiding og vil verte lagt fram for lokal og fylkeskommunal handsaming med det første. Målet vårt er å komme i gong med nye og naudsynte grunnundersøkingar til sommaren. Deretter vil vi starte reguleringsplanarbeidet til hausten.

Vi håpar at reguleringsplanarbeidet skal vere ferdig i 2022-2023. Ein vil då ha naudsynt grunnlag for å kunne vedta bygging av tunnelen. Denne framdriftsplanen vil ikkje gå utover fornying av ferjeleiet på Voksa, som vel er planlagt gjennomført i år eller dei andre ferjeleiene som er planlagde om nokre år.

KS1

4. mars gav samferdselsutvalet grønt lys for kvalitetssikring av sambandet

Samrøystes vedtak i Samferdselsutvalet - 04.03.2020