Generalforsamling i Sande Fastlandssamband 2018


7.juni var det generalforsamling på Sande rådhus. Kristin Sørheim som er leiar i samferdselsutvatet i fylket gjesta oss.

Det var godt oppmøte på rådhuset. Forutan dei vanlege generalforsamlinssakene heldt   Kristin Sørheim eit innlegget om det å vere sjølvfinansierande. Samferdselsutvalet har vedteke at ein ikkje brukar tid eller personell på andre samband enn dei som er vedteke utbygd. unntaket her er samband som kan seiast å vere sjølvfinansierande. Sande Fastlandssamband har rekna seg som eit sjølvfinansierande samband. Kristin viste oss ei 40 år løype. I heile denne løypa måtte sambandet vere sjølvfinansierande.  Etter henna reknestykke med elektriske framdrift og ny ferje (kostnad 50 mill pr år) så er ikkje sambandet sjølvfinansierande. Kostnad på sambandet er 1 200 000 000 kr . Grunnen til dette er at ein har vedlikehaldskostnadar, totalrenovering og driftsutgifter.

Frå møtelyden vart det argumentert med at om ein skal legge inn så mykje i sjølvfinansieringa, så vil ikkje noko samband kunne verte bygd.

Nordøyvegen vil verte det prosjektet som først må igjennom nålauget. Vedtak skal der gjerast i august. Vi får vente og håpe på at prosessen der er døropnar for oss også.

Møte om sjølvfinansiering