Torsdag 30. mars kl 18:00 vert det generalforsamling for Sande Fastlandssamband as
Vi sig stadig framover med prosjektet. Det går ikkje so fort som vi ønskjer, men retninga er bra. Vi held no på med å avklare stigningsforhold. må vi ha 5 % stigning eller 7,8%. Målet med stigningsforhalda er å gjere tryggheita for ferdsel betre. med lågare stigning vil tunnelen verte lenger. Kanskje vi ikkje treff Voksa? Men med lenger tunnel vil tida ein eventuelt treng forf å kome ut av tunnelen lenger. Dette må vere ei avveging av trafikkmengd, sjangs for farefull transport og stigning. Vi har leigd inn Nordconsult for å gjere denne jobben. Svar er venta før påske.