Generalforsamling 2025

Sande rådhus 4. juni 2026

Referat frå generalforsamling i Sande Fastlandssamband  for 2025

 

Møtet var på Sande Rådhus, Torsdag 4. juni 2026 og starta kl 18:00

 

Desse møtte:

Dag Vaagen, Jarle Støylen, Liv Sæther Myskja, Njål Sivertstøl, Bjørn Våge og Jostein Korsnes.

 

53,37 % av aksjane var representerte på møtet.

 

Sak 1 Konstituering.

a)       Innkallinga.

Ingen  merknad til innkallinga. Annonse i Vestlandsnytt og Synstemøre

Men det var eit ønskje om at sakspapir vert sendt ut saman med innkalling på e-post.

 

b)      Val av ordstyrar og referent, samt to til å skrive under møteboka.

 

Forslag på møteleiar  vart Jarle Støylen og til referent vart Jostein Korsnes.

 

Vedtak: Slik som det vart føreslege.

 

Til å skrive under møteboka vart  desse oppnemnt: Liv Sæter Myskja og Dag Vaagen

 

Sak 2 Årsmelding for 2025.

 

Årsmeldinga vart utdelt på møtet og lesen, med styret og dagleg leiar sin anbefaling til generalforsamlinga i selskapet.   

Vedtak:

·         Årsmeldinga vart teken til vitande

 

 

Sak 3 Rekneskap for 2025

 

Rekneskapen vart  lesen  og viste at selskapet har eit overskot  på kr  2 964 607  Overføring på 3 mill. frå fylket Dei største utgiftspostane er  Senter for Entreprenørskap, Pir 2, Brustugun Brønnboring og Sande Rekneskapskontor  

Vedtak:

·         Rekneskapen vart godkjend utan merknad.

 

 

Sak 4 Val

 

Valnemnda si innstilling vart lagt fram av Jostein Korsnes.

 

Frå valnemnda hadde vi fått dette forslaget:

Jarle Støylen som leiar og Bjørn Våge som styremedlem var på val.  Leiar skal veljast kvart år og er automatisk med i styret

Varamedlemar skal veljast for eit år i gongen.

 

Framlegg frå valnemnda :

 

Styremedlemar:

Jarle Støyen  2026 – 2027 som styreleiar

Bjørn Våge   2026 - 2028

 

Varamedlemar:

1) Per Halsebakke

2) Ragnar Johan Kvamme

3) Ingvard Nystøyl

 

 Valnemnd  (Turnus på to år); Arne Werkland for to år. Knut Olav Skare for eit år.

 

Vedtak: Generalforsamlinga sluttar seg til framlegget til valnemnda.

Medlemane vart valde samla med akklamasjon etter framlegget.

 

 

Det nye styret er samansett slik:                                 Varamedlemer

 

Jarle Støylen 2025 – 2026 (leiar 1 år)                              1) Per Halsebakke

Harald Tom Nesvik  2025 - 2027                                   2) Ragnar Johan Kvamme

Bjørn Våge  2024 - 2026                                                    3) Ingvard Nystøyl

Politisk oppnemnt:

Bjørn Thore Hansen  2026 – 2028                personleg vara Petter Gunnarstein    2026- 2028

Liv Sæther Myskja     2026 -  2028                personleg vara Anne Lise Johansen   2026 -2028  

Ottar Jan Løvoll          2026 - 2028                personleg vara Tonje Ramse Trædal  2026 -2028

Njål Sivertstøl             2026 - 2028                personleg vara Per-Johnny Brekke     2026 – 2028

 

Valnemnd: Arne Werkland for to år. Knut Olav Skare eit år

 

Sak 6   Orientering.

 

Jostein Korsnes presenterte arbeidet så langt. Planprogram med opsjon på reguleringsplan har vore utlagt på Doffin. Resultatet er ikkje kjent enno.

 

 

 

 

 

Liv Sæther Myskja                                                                                  Dag Vaagen